Bli aktiv i UmEU

Det viktigaste du kan gjera i kampen mot EU er å bli aktiv i Ungdom mot EU.

Bli aktiv i ditt lokallag

Ungdom mot EU har lokallag over heile landet. Sjå nettsidene våre for ein oppdatert oversikt. Om du bur i nærleiken av ein stad der det er lokallag, kan du bli aktiv i laget. Då gjer du ein innsats i lokalsamfunnet. Du får òg mange nye vener, og lærer masse om EU, og om organisasjonsarbeid. Kanskje du har lyst til å sitta i styret i lokallaget?

Om det ikkje er lokallag der du bur kan du starta eit nytt, eller bli skulekontakt.

Start lokallag

Ungdom mot EU har diverre ikkje lokallag over alt. Om det ikkje finst lokallag der du bur, kan du ta initiativ til å starta eit. Det finst ein god del medlemmar dei fleste stadar, så du er ikkje mutters aleine.

Når ein skal starta opp eit lokallag kallar ein oftast inn til eit oppstartsmøte. Her blir alle medlemmar og interesserte inviterte. På møtet kjem oftast reisesekretær eller leiar i Ungdom mot EU og held ei politisk innleiing, og etter det vel ein styre og planlegg litt aktivitetar framover.

Sentralstyret vil hjelpa deg mykje med oppstartsmøtet. Me kan mobilisera via www.umeu.no, via facebook, senda brev, epost og sms til medlemmane. Dessutan kan me laga plakat og løpesettel, og me kan vera med deg å mobilisera på skular i nærleiken.

Kom på sommarleiren

Kvar sommar arrangerer UmEU ein sommarleir for alle medlemmar og interesserte. Det er eit sosialt og lærerikt arrangement. Me blir kjempeglade om du får lyst til å komma på sommarleiren vår.

Kom på konferansar

Med jamne mellomrom arrangerer me konferansar. Nokre gonger finn dei stad i Oslo,  andre gonger er det regionale konferansar for deler av landet. På nettsida vår vil du finna ein oversikt over neste konferanse.

Når du kjem på konferansen lærer du masse om EU, og får mange nye vener. Kanskje du får lyst til å bli meir aktiv i organisasjonen framover?

Bli skulekontakt

Ein skulekontakt er på ein måte Ungdom mot EU sin ambassadør på skulen sin. Han får jamnleg tilsendt løpesetlar og anna materiale, som han distribuerer i skulemiljøet. Det er laga eit eige hefte med tips til ting skulekontaktar kan gjera.

Når reisesekretæren skal rundt på skular i ditt fylke, kjem ho til å ta kontakt med deg.

Hjelp oss

Har du lyst til å læra å laga jakkemerke?På kontoret i Oslo har me med jamne mellomrom dugnadskveldar, kor folk kjem innom og løyser ulike små oppgåver. Døme kan vera buttons-produksjon, kontingentinnkreving, pakking av post og  mobilisering til konferansar. På dugnadskveldane blir det òg kaffi og kake.

Du kan sjølvsagt komma innom og hjelpa til på andre tidspunkt enn dugnadskveldane òg. Sei gjerne frå på førehand, sånn at me kan ha ei oppgåve klar til deg.

Om du vil ha tilsendt materiell, har idear om andre ting folk kan bidra med, har spørsmål eller av andre grunnar treng å komma i kontakt med Ungdom mot EU kan du senda epost til umeu (@) umeu.no eller ringa 22 17 33 40.