Faktaark om EU og bistand
Last ned faktaarket som word-fil
Innleiing
Bistand er eit av dei politikkfelta kor medlemslanda tradisjonelt har hatt relativt mykje sjølvråderett. Dei siste åra har EU fått ein meir samla bistandspolitikk, og med Reformtraktaten vil unionen ta nye steg i denne retninga.
Kor mykje bistand gjev EU?
Sjølv om EU sin bistand er ein liten del av EU sin økonomi, er det ein stor del av verdas bistand. Over halvparten av u-hjelpa i verda kjem frå EU. 5,4% av EU sitt sentralbudsjett går til EU som global partnar, ein tredjedel av dette er bistand til fattige land.
EU avgjer ikkje kor mykje bistand kvart einskild medlemsland skal gje. Danmark, Luxemborug, Nederland og Sverige er dei einaste EU-landa som har nådd FN-målet om 0,7% av BNP i bistand[1]. EU har satt eit mål om at landa skal ha ein bistandsprosent på 0,56% av BNP innan 2010.
Til kven gjev EU bistand?
I perioda 1989 til 2002 har Afrika sin del av EU sin totale bistand gått frå 60% til 25%. Grunnen til det er at i samband med utvidinga av EU har fokuset blitt vridd til Aust-Europa. I EU-budsjettet for 2007 rekna ein med å gje 2.6 milliardar euro til søkarland og nabolanda, og 2,2 milliardar euro til fattige land i resten av verda[2],[3].
Reformtraktaten og bistandspolitikken
Reformtrakaten inneheld stort sett det same som EU-grunnloven. Om Reformtraktaten skulle bli vedteke, får EU fullmakt til å fatta bindande vedtak med fleirtalsavgjerder på tre område kor det i dag (i teorien) krevs konsensus. Det gjeld Akutt hjelp til tredjeland, Naudhjelpsoperasjonar og Å avgrensa hjelp til personar eller grupper (artikkel 188 i-k)[4] . Storbrittannia, eit av dei meir EU-kritiske landa, var motstandardar av å gje EU desse fullmaktene, men blei stemte ned.
Kva er motiva for EU sin bistand
Ein OECD-rapport slår fast at “EU ser i aukande grad utviklingshjelp som eit instrument i utanrikspolitikken”[5]. Bistanden er altså ein reiskap for å nå utanrikspolitiske mål som kamp mot terror, tryggleik i nærområda og sjølvsagt generell utvikling. I 2002 blei EU sitt Ministerråd for utvikling lagt ned, og slått saman med det utanrikspolitiske rådet. Dette kan ha ført til at bistanden i seg sjølve kjem mindre i fokus, og at han i større grad blir brukt som ein reiskap for å nå andre utanrikspolitiske mål.
Bistand som pressmiddel
EU bruker bistand som pressmiddel i forhandlingane med u-land om European Partnerships Agreements[6]. Det vil sei at dei trugar kvart einskild u-land med at om dei ikkje godtek avtalen, vil dei få mindre u-hjelp. Avtalane har blitt kritisert for å gagna EU meir enn u-landa, mellom anna fordi EU vil sikra seg full marknadstilgong for varer og tenester i u-landa.
Det har òg vore diskutert å bruka bistand til å lønna dei landa som inngår avtalar med EU om å ta imot asylsøkarar med avslag. Dei landa som samarbeidar med EU, og gjer det lettare for unionen å senda tilbake asylsøkarar, skal få meir bistand enn andre.
Bidtand blei òg brukt som ein del av frohandlingane då EU forhandla med Marokko om fiskekvoter. EU gav Marokko 1,1 mrd kroner for at 119 EU-trålarar skulle få fiska i utanfor Markokko. Avtala har vore skarpt kritisert både for at lokale fiskarar mistar arbeidet, og for at EU godtek at Markokko seljer Vest-Sahara sine fiskeressurser[7].
Korleis ville ein eventuelt EU-medlemskap påverka norsk bistand?
Noreg har i dag eit langt høgare bistandsnivå enn dei fleste EU-landa. EU-medlemskap hadde ikkje tvunget Noreg til å gje mindre i bistand, og langt mindre pressa oss til å gje meir.
EU-medlemskap hadde derimot ført til at Noreg måtte ha fulgt EU sine felles retningsliner for kven ein kan og ikkje kan gje bistand til. Eit døme er den omstridde norske avgjerda om å ta opp att bistanden til den palestinske samlingsregjeringa våren 2007. Dette kunne ikkje Noreg har gjort som EU-medlem.
EU-kommisjonen spelar ein stadig meir samordnande rolle i bistandspolitikken i EU. Bistanden blir brukt som ein reiskap for å nå andre politiske mål.
Oppsummering
EU gjev mykje bistand samanlikna med USA, men lite samanlikna med Noreg. På bistandsområdet har medlemslanda framleis ein viss råderett, men EU samordnar politikken sin stadig meir.
Forfattar: Tore Syvert Haga, Sist endra: 16. oktober 2007
Les meir
Artikkelen ”Myten om det gode Europa” av fyrsteamanuensis Tore Linnè Eriksen
Nei til EU si temaside om Globalisering
EU si Nettside om utviklingshjelp.





