Historien til EUs felles militærpolitikk
Last ned faktaarket som word-fil
Forfattar: Marianne Granheim Trøyflat, marianne@umeu.no
Sist endra: 24. september 2006
I byrjinga
Allereie i 1948 vart det inngått ei avtale om forsvarssamarbeid mellom Frankrike, Storbritannia, Belgia, Nederland og Luxembourg. Denne samanslutninga vart kalla Vestunionen, og seinare den Vest-Europeiske Union. Det vart vidare lagt planar for eit europeisk forsvarsfellesskap, men desse vart ikkje realisert. Den kalde krigen kom, og spesielt NATO fekk ei leiande rolle innan forsvarssamarbeid på det europeiske kontinentet. Ei avtale om militær samordning innanfor EU-rammene eksisterte berre på papiret.
Traktatane
Med omgrepet traktat er det her meint ei avtale som er underteikna av alle medlemsstatane i EU.
Maastrichttraktaten (1991):
På 70-talet og 80-talet vart det etablert ein del formalisert samarbeid på forsvars- og utanrikspolitikk utanfor EU-systemet. Med Maastricht-traktaten bestemte ein at dette skulle innordnast under den europeiske unionen.
Det Europeiske Råd og Minsterrådet vart dei dei sentral organa for denne politikken. Avgjerdene skulle vera einstemmige, altså slik at alle land hadde vetorett. Den felles utanriks- og tryggleikspolitikken fekk derfor karakter av å vera eit reint mellomstatleg samarbeid.
Amsterdamtraktaten (1998):
EU vedtok her å opprette stillinga Høg Representant for utanrikssaker. Den Høge Representanten er generalsekretær for Ministerrådet, og fungerer på mange måtar som ein felles utanriksminister. Spanske Javier Solana vart oppnevt til denne stillinga i juni 1999. Internasjonal krisehandtering er no ei av hovudoppgåvene til Solana.
I denne traktaten fekk ein og enkelte endringar når det galt den einstemmige karakteren av forsvarssamarbeidet. Tidlegare var det slik at alle statane måtte røyste for, om eit vedtak skulle gå gjennom. No vart denne regelen endra, slik at dersom ein tredel av medlemsstatane held seg frå å røyste, ville det framleis vera muleg å gjennomføre eit vedtak.
Nicetraktaten(2002):
Denne vidareutvikla forsvarspolitikken ved å auke omfanget av arbeidsoppgåver.
Nice-traktaten gir Ministerrådet høve til å ta fleirtalsavgjerder på visse områder. Slik får forsvarssamarbeidet større innslag av overnasjonalitet.
I dette dokumentet blir det også lagt planar for ein Europeisk Tryggleiks- og forsvarspolitikk (ESDP). Saman med NATO skal EU opprette felles hærstyrke.
Grunnlovstraktaten:
Dette dokumentet er førebels ikkje vedtake, men seier mykje om kva planar EU har på forsvarsområdet. Spesielt kan ein leggje merke til at det i grunnlovstrakaten ikkje blir kravd FN-mandat for å gripe inn militært andre stader i verda, og at medlemsstatane blir pålagte å ruste opp. For meir informasjon om dette: sjå eige fakta-ark om EU-grunnlova og militærpolitikk.
Frå skrift til handling
På bakgrunn av traktatane, har EU sine organ gjort fleire viktige vedtak:
Petersbergoppgåvene: Dette er EU sine overordna mål for militærpolitikken, og dei er formalisert i Maastricht-traktaten artikkel 17. Desse inneber humanitære og operasjonar, krisehandtering, fredsbevarande og fredsopprettande operasjonar ( Fredsopprettande operasjonar inneber å gå til krig.)
Kapabilitetsmål: Toppmøtet i Helsinki i 1999 vedtok ein del kapabilitetsmål for EU sine styrkar, såkala ”Headline goals”. Ein styrke på 60000 soldatar skulle, med 60 dagars varsling, kunne kallast ut kvar som helst i verda. Det skulle også vera 400 fly og 100 fartøy til disposisjon.
Kampstyrker: Når det gjeld kapabilitetsmåla, er det utfordringar med omsyn til å rykke ut hurtig. Ministerrådet vedtok derfor i 2004 å opprette 13 stridsgrupper, kvar med 1500 soldatar, som kan rykke ut på 15 dagars varsling.
I 2005 inngjekk Sverige, Finland, Estland og Noreg ei avtale om å opprette ei nordisk kampgruppe. Dette er omdiskutert pga. at Grunnlova forbyr å overlate kommandoen over norske styrkar til internasjonale oganisasjonar vi ikkje er medlem av.
Operasjonar: Overtake militæroperasjonar av NATO i Bosnia og Makedonia. I tillegg har EU hatt militær operasjon i Kongo.
Avslutning
Frå ei sped byrjing, har EU i dag utvikla seg til ein betydeleg forsvar- og militærpolitisk aktør. Politikkområdet er ikkje lenger reint mellomstatleg, men går i ei overnasjonal retning. Dette er ein av grunnane til at Ungdom mot EU ønskjer at Norge står utanfor unionen.
Meir informasjon
Folk og forsvar/Roar Haugsdal : ”En innføring i EUs sikkerhetspolitikk (Merkur-trykk 2005)
Tidlegare utgåve av Megafon: nr.2/2005
www.europaveien.no
Rieker, Pernille og Ståle Ulriksen: ”En annerledes supermakt? Sikkerhets- og forsvarspolitikken i EU” (Norsk Utenrikspolitisk Institutt 2003).
Claes, Dag Harald og Tor Egil Førland: ”Europeisk integrasjon” ( Gyldendal Norsk Forlag 2004)





