Folk vil ha post-veto

I ei meningsmåling seier 64 % av det norske folk at dei ynskjer at regjeringa skal reservere seg mot EU sitt postdirektiv. Kun 4 % meiner direktivet bør innførast som planlagt i 2011. - Regjeringa bør lytte til folket, meiner Sigrid Heiberg, leiar i Ungdom mot EU

– Folk forventar gode posttenester. Det er difor heilt logisk at dei går i mot EU sitt postdirektiv. No må politikarane lytte til folk og sørge for veto mot postdirektivet. Eit direktiv som vil føre til dårlegare og dyrare posttenester for folk og næringsliv, seier leiar i Postkom Odd Christian Øverland.

Undersøkjinga syner at 7 av 10 ynskjer at me framleis skal ha einheitsporto på brev, slik at det er lik pris i heile landet. Meningsmålinga syner òg at folk er opptekne av at posten skal leverast 6 dager i veka.


Kan vere aktuelt med Veto
Det kan vere aktuelt for regjeringa å legge ned veto mot postdirektivet. Men først må me skaffe oss oversikt over konsekvensane av direktivet, seier samferdselsminister Liv Signe Navarsete (Sp). Postdirektivet skal etter planen innførast i EØS-området innan 2011, men fleire EU-land har bede om utsetjing. Postkom mener at direktivet vil øydeleggja posttilbodet i distrikta ved at einheitsportoen fjernast.

I går demonstrerte fleire hundre posttilsette mot EU-direktivet, og kravet var at Stortinget og regjeringa skal gå i mot postdirektivet. Europeisk fagbevegelse var også til stades og støtta kravet.

 

Published: , updated: