Vil bruka finanskrisa til euro-omkamp

Etter at krisa i økonomien slo inn over Danmark har målingane vist redusert motstand mot euroen. Den danske statsministeren vil bruka finanskrisa til å ta ein kjapp omkamp etter folkerøystinga i 2000 som ga nei-fleirtal. Opposisjonspartiet SF avviser dette.

StatsministerenPå sin ukentlige pressekonferanse sa statsminister Anders Fogh Rasmussen at han ønsker å ta opp saken så snart som mulig. Men han vil ha med seg opposisjonspartiet SF. SF er for EU, men er mot Euroen. Grunnen til det er at SF har vore med på ein del tidligare nasjonale kompromiss om EU, og for å endra dei bør alle partia vera samde.

De siste dagene har det blitt skapt uvisse om SF sin posisjon til euroen. Difor Skriv partiformann Villy Søvndal no eit brev til medlemmane, kor han gjer reie for synet, som altså framleis er at Danmark ikkje bør bli med i Euroen.

Stemte nei

Sverige og Danmark er dei einaste EU-landa som har hatt folkerøysting om euroen, og i begge landa stemte folk nei. Målingar i ettertid har stort sett vist at folk er nøgde med det valet. Dei siste vekene har den økonomiske krisa skapt meir uvisse, og motstanden er noko redusert. Difor vil nokre krefter på ja-sida i begge land ”bruka” krisa til å innføra euroen.

Noreg må innføra

Om Noreg går med i EU må me òg innføra euroen. Det må alle nye medlemsland gjera så snart økonomien deira oppfyller visse minstekrav. Det vil mellom anna føra til at me må fylja de felles euro-renta, som blir satt etter kva som passar eit gjennomsnitt av EU-landa. Det blir då umuleg å bruka renta til å styra norsk økonomi.

Les meir

Fogh ønsker hurtigt euro-valg

Klart svar fra SF om Euroen

Published: