Lena Vassli var ein av dei som deltok på Ungdom Mot EUs Haustkonferanse tidlegare i haust. Les hennar ord om helga i Oslo.
Helga 17.-19.november var det haustkonferanse med Ungdom mot EU! Det var ei utruleg kjekk og lærerik helg med mange gode innledninga!
Fredagen så starta vi opp med «sofasamtale» mellom leiaren i UMEU, Syver Zachariassen, og leiaren i Europeisk ungdom, Knut André Sande. Tema var «Høgreekstremisme-korleis skal vi møte den?» Det var ein utruleg bra start på ei utruleg kjekk helg
På laurdagen var det fullt kjøyr med mange innledningar. Blant anna hald sentralstyremedlem for Raud Ungdom, Snorre Log Skage, innledning om «Status i Europa-kvifor bry seg om EU?» Deretter gjekk vi over på «Kva er EU?» med Kristiane Mauno Krygstad. Det gjorde at alle forstod litt meir om korleis EU heng saman og korleis det fungerar idag.
Vi fekk og ei flott innledning om Brexit med Syver!
I løpet av laurdagen var det også debattskulering og aksjonsworkshop. På workshopen blei det mala flotte banner til demonstrasjonar!
Siste dagen starta med at forfattar, statsvitar og professor Bent Sofus Tranøy hald innledning om «finanskrisa-Hellas vs. Tyskland»
Så kom Sigbjørn Gjelsvik, politkar frå Sp og tidlegare leiar i Nei til EU. Han haldt innledning om «demokratisk underskudd. Kjelden til misnøyen?»
Den siste innledninga for helga var «Kva skjer med EU framover?» med Ole Kvadsheim, nestleiar i UMEU.
I tillegg til alle dei fine innledningane var det mykje sosialt. Med hadde forskjellige «bli kjent- leikar» første dagen som gjor det veldig lett å bli enno betre kjent i løpet av helga. Og det var film på laurdagskvelden! Det oppstod også mange artige diskusjonar i helga, blant anna ein diskusjon om kva så var best av appelsin- og eplejuice.
Alt i alt var det ei utruleg flott helg med mange kjekke folk og flotte innledninga!
Eg vil absolutt anbefale alle som vil lære meir om EU, eller berre bli kjent med nye mennesker, å fare på arrangement med UMEU!
Les meir om Høstkonferansen 2017.