Gå til hovedinnhold

Vedtekter

Vedtektene til Ungdom mot EU, vedtatt av landsmøtet i 2024.

Åpne originaldokumentet

VEDTEKTER

Vedtatt av Ungdom mot EUs landsmøte 2024

§ 1 NAMN OG FØREMÅL

a) Organisasjonens namn er Ungdom mot EU, og kan bli forkorta til UMEU.

b) Ungdom mot EU skal samla ungdom og studentar til kamp mot norsk EU-medlemskap, driva folkeopplysning om EU, Noregs forhold til EU og EØS, samt vere kunnskapsbase for den unge nei-alliansen i EU- og Europapolitikk.

c) Ungdom mot EU er ein landsomfamnande og tverrpolitisk organisasjon. Det politiske grunnlaget er slege fast i ’Politisk plattform’.

d) Ungdom mot EU er ungdomsorganisasjonen til Nei til EU og skal samarbeida med Nei til EU om å oppfylla organisasjonsføremålet.

§ 2 MEDLEMSKAP

a) Personar som er frå og med 12 år til og med 30 år kan vera medlemar av Ungdom mot EU. Tillitsvalde i Ungdom mot EU som fyller 30 år i den perioda dei har tillitsverv, kan vera medlem av organisasjonen til perioden deira er omme.

b) For å være medlem i Ungdom mot EU må ein stø føremålet, godta vedtektene og den politiske plattforma.

c) Medlemane er knytt til Ungdom mot EU gjennom lag. Om det ikkje finst eit lag er ein knytt direkte til fylke.

d) Skal ein reknast for medlem, må ein betala medlemspengane.

e) Personar som driv med rasistisk eller ekstremistisk aktivitet eller argumentasjon, eller oppmoar til politisk vold, kan ikkje vera medlemar, støttemedlemar eller på anna måte vera tilknytt Ungdom mot EU.

f) Medlemar av Ungdom mot EU som representerar Ungdom mot EU eksternt, skal ikkje samstundes representera dei andre organisasjonane dei er eller har vore aktive i.

g) Sympatisørar over 30 år blir gjevne høve til å vera støttemedlemar. Støttemedlemar har ikkje røysterett i Ungdom mot EU sine organ, og kan ikkje ha tillitsverv.

h) Alle skal bli behandla med respekt, og trygt kunne delta på arrangement i regi av Ungdom mot EU.

i) Alle deltakarar på arrangement i regi av Ungdom mot EU, både sentralt og lokalt, skal følgje UMEUs retningslinjer for trygg organisasjon.

§ 3 LANDSMØTE

a) Landsmøtet er det høgste organet i Ungdom mot EU. Det skal haldast kvart år.

b) Leiar i organisasjonen kallar inn til landsmøtet på vegne av landsstyret. Innkallinga skal vera laga i hende seinast 8 veker før landsmøtet.

c) I innkallinga skal det opplysast om når og kvar landsmøtet skal haldast, dei fristane som gjeld og kva hovudsaker som skal takast opp. Landsstyret dreg opp retningslinene for dei sakspapira sentralstyret sender ut. Sakspapira og årsmeldinga frå sentralstyret skal sendast ut seinast 4 veker før landsmøtet til laga. Sakspapira og årsmeldinga skal vera utsendingane i hende seinast 2 veker før landsmøtet.

d) Framlegg som lag eller medlemar vil ha opp som eiga sak på landsmøtet, må vera sende inn til landsstyret seinast 6 veker før landsmøtet. Framlegg som kjem inn for seint, må ha 2/3 fleirtal for å kunna takast opp.

e) Landsmøtet skal handsama:

  1. Innkalling, dagsorden og val av møtefunksjonærar
  2. Årsmelding
  3. Revidert rekneskap
  4. Budsjett
  5. Arbeidsplan
  6. Vedtekter og politisk plattform annakvart år; vedteker i partalsår og politisk plattform i oddetalsår
  7. Sats for medlemspengar
  8. Andre saker som det er gjort framlegg om
  9. Val av:
    • leiar,
    • ein politisk og ein organisatorisk nestleiar,
    • sentralstyre med 5-7 medlemar utanom leiar, nestleiarar og generalsekretær,
    • 4 direktevalte landsstyrerepresentantar med personleg vara
    • representantar og vararepresentantar til Nei til EU sitt råd
    • revisor
    • kontrollkomité med 3 medlemar,
    • Valnemd

Alle verv på val på landsmøtet er for eitt år av gongen. Ungdom mot EU krev betalt medlemskap inneverande år for at personar skal vere valbare.

f) Det skal kallast inn til eit omframt landsmøte dersom 2/3 av landsstyret eller 2/3 av laga krev det. I innkallinga skal det opplysast om dei sakene som skal takast opp. Val og fristar gjeld som ved vanlege landsmøte. Omframme landsmøte handsamar berre dei sakene som er nemnde i innkallinga.

§ 4 UTSENDINGSRETT OG RETTAR PÅ LANDSMØTET

a) Utsendingane til landsmøtet skal fordelast over heile landet. Kvar stortingsvalkrins har 2 utsendingar, i tillegg til 1 utsending per 50 påbegynte medlemmar. Kvart lokallag har óg1 utsending. Utsendingane må vera busett i eller vera registrert medlem i stortingsvalkrinsen/lokallaget dei representerer på landsmøtet.

b) Utsendingane møter med tale-, framleggs- og røysterett. Fylkeslaga er pålagt å fordele utsendingane i delegasjonen jamt på lokalaga i fylket, etter medlemstal. Inkje kjønn skal vere representert med mindre enn 33 %, så framt det er mogleg. Ved usemje avgjer sentralstyret fordelinga etter nøye høyring av alle involverte partar.

c) Årsmøtet eller eit valmøte i laga vel utsendingar til landsmøtet. Sentralstyret har høve til å godkjenne utsendingar som ikkje er valt frå lag, dersom det ikkje finnes lag, eller laga ikkje har klart å fylle delegasjonen sin.

d) Utsendingane må ha betala kontingent for inneverande år for å ha rettar på landsmøtet. Kontingenten må vere betald innan påmeldingsfrista til landsmøtet.

e) Leiaren av Ungdom mot EU, sentralstyret og landsstyret møter alltid med tale- ,framleggs- og røysterett på landsmøtet. Desse delegatane kjem i tillegg til utsendingane spesifisert i §4a). Landsmøtet kan òg gje talerett til gjestar, sekretariatet, medlemar av landsmøteførebuande nemnder og kandidatar til dei verva som står på val.

f) Landsmøtet er i utgangspunktet ope for alle, men kan med simpelt fleirtal lukkast for andre enn utsendingane, sentralstyret, landsstyret og andre landsmøtet eksplisitt vil ha der.

§ 5 VALNEMND

a) Valnemnda vert vald på landsmøtet etter innstilling frå sentralstyret. Ho har til oppgåve å finna kandidatar til dei verva som står på val til landsmøtet.

b) Nemnda skal ta omsyn til kjønnsfordeling, geografisk spreiing og politisk breidd i samansetjinga av organa i Ungdom mot EU.

c) Valnemnda skal ha 5 medlemar og 2 vara. Fleirtalet i valnemnda kan ikkje ta attval til valnemnda. Medlemar i nemnda kan ikkje stille til val i sentralstyret. Det skal ikkje vera fleirtal av medlemar frå sentralstyret i nemnda, og det skal vere god politisk breidde.

§ 6 LANDSSTYRET

a) Landsstyret er det øvste organet i Ungdom mot EU mellom landsmøta. Landsstyret samordnar arbeidet i organisasjonen i landsmøteperioda, og ut frå vedtaka på landsmøtet dreg det opp hovudlinene for arbeidet til sentralstyret. Landsstyret skal elles fatta politiske og organisatoriske vedtak, og representera organisasjonen.

b) Landsstyret står ansvarleg overfor landsmøtet. Landsstyrets samansetting er: Leiar, nestleiare, fylkesleiare samt fire medlemmar med vara som blir valt direkte fra landsmøtet. Dei andre sentralstyremedlemane møter med tale- og framleggsrett. Direktevalte vara til landsstyret møter med tale- og framleggsrett, og blir gjevne røysterett når nokon av dei faste medlemane ikkje er til stades. Fylkesledere kan ved forfall vele vara frå eige styre som blir gjeven fulle rettar. Sekretariatet har møterett i landsstyret og kan bli gjevne talerett i saker som vedgår dei.

c) Landsstyret skal ha minst 2 møter i landsmøteperioda. Landsstyret kan òg kallast saman når leiaren eller 1/3 av landsstyremedlemane krev det.

d) Innkallinga skal vere landsstyremedlemane i hende seinast 4 veker før landsstyremøtet.

e) Saklista og sakspapira skal vera landsstyremedlemane i hende seinast 2 veker før landsstyremøtet.

f) Landsstyret er vedtaksført når minst halvparten av dei røysteføre er til stades.

g) Lokallag og einskilde medlem skal på førespurnad få innsyn i referat frå landsstyremøta.

h) Landsstyremedlemmar som er valt direkte frå landsmøtet veljes med personleg vara. Om landsstyremedlemmet trekk seg i løpe av perioda, rykkjer varamedlemmet opp. Fylkesleiarene i landsstyret kan ved frafall velje å sende ei anna utsending frå det aktuelle fylkesstyre. Denne utsendinga møter på landsstyremøtet med fulle rettar.

§ 7 SENTRALSTYRET

a) Sentralstyret er det høgaste organet i Ungdom mot EU mellom landsstyremøta. I sentralstyret sit leiar, nestleiarar og 5-7 sentralstyremedlemar. Sentralstyret står ansvarleg overfor landsstyret.

b) Sentralstyret har ansvar for den daglege leiinga av organisasjonen og skal setja politikken til Ungdom mot EU ut i livet i samsvar med vedtaka frå landsmøtet og landsstyret. Sentralstyret kan, i sakar der landsstyret normalt ville vore vedtaksorgan, fatta mellombels vedtak i hastesakar. Desse skal då bli tekne opp til votering på førstkommande landsstyremøte. Vidare har sentralstyret følgjande oppgåver:

  • Førebu og kalla inn til landsstyremøte
  • Koma med innstillingar ovenfor Landsstyret.
  • Ha tilsyn med at budsjettet blir fylgt og revidert.
  • Fylja opp vedtak frå landsstyret
  • Hjelpa laga i deira arbeid og syta for best mogeleg samordning av verksemda.
  • Ha arbeidsgjevaransvaret for sekretariatet
  • Sentralstyret vel, blant sentralstyret sine medlemar, vara til Nei til EU sitt råd om UmEU sine faste representantar og ordinære varaar skulle melde forfall.
  • Sentralstyret vel, blant sentralstyret sine medlemar, vara til LS dersom leiar eller nestleiarar skulle melde forfall.
  • Handsame disiplinærsakar som oversendast frå AU eller sakar kor partane krevjer handsaming i SST
  • Trekkje opp hovudinnhaldet i og opprette sentrale stillingar

c) Sentralstyret er vedtaksført når minst halvparten av sentralstyremedlemane er til stades.

d) Landsstyret, lokallag og einskilde medlem skal på førespurnad få innsyn i protokoll frå sentralstyret.

e) Dersom eit sentralstyremedlem trekk seg før perioden er omme, kan sentralstyret supplerast. Gjeldande valnemnd innstiller på ein kandidat som velgjast på førstkommande landsstyremøte. Dersom valnemnd ikkje er vald set sentralstyret ned ein mellombels valnemnd. Ingen medlemar av, eller kandidatar til sentralstyret kan sitje i den mellombelse nemnda.

f) Dersom leiar trekk seg før perioden er over skal landstyret vurdere å kalla inn til eit omframt landsmøte for val av ny leiar. Dersom det ikkje gjerast veljar landsstyret fungerande leiar fram til landsmøtet. Politisk nestleiar fungerer som leiar fram til nytt val er gjort. Sentralstyret kan velje ein anna fungerande leiar.

§ 8 ARBEIDSUTVALGET

Arbeidsutvalet (AU) er underlagt sentralstyret. Leiar og nestleiarar utgjer AU. AU kan førebu saker for sentralstyret, diskutere strategi, treffe mellombels avgjersler i saker som hastar og i andre saker sentralstyre har gjeve fullmakt til. AU er også førsteleddet i handsaming av varslingssaker/disiplinærsaker.

§ 9 SEKRETARIATET

a) Sentralstyret tilset folk til dei stillingar som finst i organisasjonen.

b) Sentralstyret har arbeidsgjevaransvaret, medan generalsekretæren er den daglege overordna i sekretariatet, i samsvar med arbeidsmiljølova og avtaleverk.

c) Sentralstyret tilset generalsekretær. Generalsekretæren har hovudansvaret for den daglege administrative og økonomiske drifta av organisasjonen.

§ 10 KONTROLLKOMITEEN

Kontrollkomiteen har tre medlemar og er kontrollorganet til landsmøtet.

Komiteen skal følgje drifta av organisasjonen, og sjå at styret og den daglege leiinga verkar i samsvar med vedtektene og gjeldande vedtak gjort av landsmøtet, landsstyret og sentralstyret.

Kontrollkomiteen skal få innsyn i revisjonsprotokollen og andre dokument i samband med økonomistyringa i organisasjonen. Halvvegs i året skal komiteen ha eit møte med sentralstyret, der status for økonomistyring og oppfølging av landsmøte- og landsstyrevedtak vert handsama.

Komiteen har elles rett til å sjå alle dokument som trengs for å gjera jobben som kontrollkomité, og skal få alle referat frå landsstyre- og sentralstyremøte tilsende.

Arbeidet i komiteen skal resultera i ein skriftleg rapport som leggast fram for landsmøtet. Komiteen har også anledning til å legge frem rapporter for og/eller møte i landsstyret, og landsstyret kan også kreve dette av komiteen.

§ 11 FYLKESLAGA

a) Fylkeslaga er samanslutningar av lokallag og/eller studentlag. For å få status som fylkeslag, må ein ha avhalde årsmøte seinast fem veker før landsmøtet.

b) Det skal haldast årsmøte i fylkeslaga minst kvart anna år. Det skal sendast ut innkalling til lokallaga seinast 3 veker før årsmøtet. For å ha rettar på årsmøtet må ein ha betala medlemspengar for inneverande år.

c) Framlegg som lokallaga eller medlemar vil ha opp som eiga sak på årsmøtet i fylkeslaget, må vera sende inn til fylkesstyret innan den fristen som styret har sett, og som det vert opplyst om i innkallinga.

d) Årsmøtet i fylkeslaga skal handsama:

  1. Årsmelding og rekneskap
  2. Arbeidsplan og budsjett
  3. Andre saker som det er gjort framlegg om
  4. Val av:
    • Leiar
    • Økonomiansvarleg
    • Minst ein styremedlem
    • Revisor

I alle sakene så nær som valet kjem fylkesstyret med innstilling overfor fylkesårsmøtet.

e) Styret skal sameina arbeidet i lokallaga i fylket, og er ansvarleg for økonomien til laget. Styret kan ta avgjerder når minst halvparten av styremedlemane er tilstades.

f) Omframt årsmøte i fylkeslaget skal kallast inn når styret eller minst halvparten av lokallaga krev det. Fristar gjeld som ved vanleg årsmøte. Eit omframt årsmøte kan berre handsama saker som er nemnde i innkallinga, og ikkje vedta oppløysing av laget.

g) Fylkeslaget kan utforma eigne vedtekter. Desse vedtektene må ikkje stri mot prinsippa i vedtektene til Ungdom mot EU. Om fylkeslaget ikkje vedtek eigne vedtekter, gjeld dei sentralt vedtekne vedtektene.

§ 12 LAGA

a) Medlemane i Ungdom mot EU kan vera tilslutta organisasjonen gjennom lag. For å få status som lag, må ein ha avhalde årsmøte seinast fem veker før landsmøtet.

b) Laga kan utforma sine eigne vedtekter. Desse vedtektene må ikkje stri mot prinsippa i vedtektene til Ungdom mot EU. Om laga ikkje har vedteke eigne vedtekter, gjeld sentralt sine vedtekter.

c) Årsmøteprotokoll sendes inn til generalsekretær etter årsmøtet. Nyoppstarta lag må avhalde årsmøte innan eit kalenderår. Dersom dette ikkje gjerast kan sentralstyret vedta å oppløyse laget. Styret vald på oppstartmøtet reknast som eit interimsstyre.

d) Årsmøtet er det øvste organet i laget. Det skal haldast årsmøte kvart år. Innkallinga til årsmøtet skal sendast ut seinast 3 veker før møtet. På årsmøtet har alle medlemane som har betala medlemspengar for det året ein då er inne i, røysterett.

e) Framlegg som medlemane vil ha opp som ei eiga sak på årsmøtet, må vera sende inn til styret innan den fristen som styret har sett og som det vert opplyst om i innkallinga.

f) Årsmøtet skal handsama:

  1. Årsmelding
  2. Rekneskap
  3. Arbeidsplan
  4. Budsjett
  5. Andre saker som det er gjort framlegg om
  6. Val av:
    • Leiar
    • Økonomiansvarleg
    • Minst ein styremedlem
    • Revisor

g) Omframt årsmøte skal haldast dersom styret eller halvparten av medlemane krev det. Fristar gjeld då som ved vanleg årsmøte. Omframt årsmøte kan berre handsama dei sakene som er nemnde i innkallinga, og kan ikkje vedta oppløysing av laget.

h) Styret i laget, med leiar, økonomiansvarleg og andre styremedlemar, vert valt for eit år av gongen. Styret samordnar arbeidet i laget og er ansvarleg for økonomien til laget. Styret kan ta avgjerder når minst halvparten av styremedlemane er til stades.

i) Oppløysing av laget kan vedtakast av eit samrøystes årsmøte som er lovleg kalla inn. Vidare kan lag som ikkje har vald styre på to år reknast som oppløyst, etter avgjerd frå Sentralstyret. Avgjersla kan av einskildmedlemmar eller mindretal i Sentralstyret klagast inn for Landsstyret. Laget blir då ikkje oppløyst før Landsstyret har handsama klaga. Når lag er oppløyst, går eiga til Ungdom mot EU.

§ 13 RØYSTEREGLAR

a) Når røystetala er like på landsmøtet eller årsmøtet, skal det haldast ny røysting. Dersom røystetala er like for andre gong, vert leiar gjeve dobbeltstemme.

b) Når røystetala står likt i landsstyret, sentralstyret eller andre styrer skal det haldast ny røysting. Dersom røystetala står likt for andre gong, får leiar dobbeltstemme.

§ 14 KJØNNSKVOTERING

Båe dei juridiske kjønna skal vera representerte med minst 33 % i alle organ i Ungdom mot EU. Dersom det er praktisk umogeleg, kan det gjerast unnatak frå denne regelen.

§ 15 INHABILITET

Ein er å rekne som inhabil i vedtakssaker i Ungdom mot EU dersom ein har økonomiske og/eller familiære interesser i saka, herunder å bidra til same hushaldning. Dette gjeld i tilsetjingssaker, innkjøpssaker og disiplinærsaker.

§ 16 RUSMIDDEL

a) Ungdom mot EU forheld seg til norsk lov. Dersom alle møtedeltakarar er over 18 år, kan ein nyte alkohol etter at saksbehandling er avslutta for dagen. Dersom personar under 18 år deltek på møtet, må minst 10% av deltakarane over 18 år vera edru. Har møtet under 10 deltakarar, skal minst ein person vera edru dersom møtet har deltakarar under 18 år.

På nasjonale arrangement som landsmøtet, sentralstyremøte og landsstyremøte, skal alltid minst 10% av deltakarane over 18 år vera edru.

Det er totalforbod mot narkotiske stoff og andre rusmiddel som er forbode ved norsk lov i Ungdom mot EU.

b) Personar som bryt retnings-linjene for rusmiddel og/eller misbruk legemiddel for å oppnå rus, verte sendt heim frå arrangmentet for eiga rekning.

c) Nasjonale studentkonferansar og arrangement i regi av studentlaga er unnateke forbodet mot alkohol.

§ 17 DISIPLINÆRTILTAK

Ved grov utruskap eller alvorlege brot på vedtektene til Ungdom mot EU eller UMEUs retningslinjer for trygg organisasjon, kan organisasjonen setja i verk disiplinærtiltak mot medlemar og tillitsvalde. Tiltaka kan vera:

a) Åtvaring; ved mindre alvorlege brot på vedtekter eller retningsliner for trygg organisasjon skal det i første instans bli gjeve ei skriftleg åtvaring frå sentralstyret til medlemen det gjeld.

b) Attendekalling av tillitsverv; Landsstyret eller forsamlingar som vel tillitsvalde i Ungdom mot EU, kan kalle attende verva deira.

c) Suspensjon. Styre på alle nivå kan suspendera medlemar eller tillitsvalde som er mistenkte for brot på vedtektene. Suspensjonar som vert gjort av lokallag eller fylkeslag skal godkjennast av sentralstyret. Suspensjonar kan ikkje gjelda for meir enn eitt år. Innan eitt år skal suspensjonen anten dragast attende, eller føra til eksklusjon.

d) Eksklusjon. Eksklusjon av medlemar skal gjerast med 2/3 fleirtal i sentralstyret. Saka kan klagast inn for landsstyret.

e) I eventuelle lokallagssaker skal det innhentas eit skriv frå det gjeldande lokallagsstyret.

f) Den eller dei som får retta krav om disiplinærtiltak mot seg, har tale- og framleggsrett i alle organ som handsamar saka. Det skal innhentast innstilling frå det eventuelle laget til vedkomande før saka vert avgjord.

For reaksjonar under bokstav b), c) og d) krevjast eit skriftlig framlegg. Sentralstyret kan velje å ikkje realitetsbehandle openbare mangelfulle skriftlige framlegg vedrørande bokstav b.), c.) og d.). Avslaget må grunngjevast skriftlig.

§ 18 VEDTEKTENE

a) Vedtektene vert vedtekne på landsmøtet. Landsmøtet kan med 2/3 fleirtal vedta å gjera endringar i desse vedtektene. Ei vedtektsendring tek til å gjelda når landsmøtet er slutt om ikkje anna vert vedteke med 2/3 fleirtal.

b) Framlegg til vedtektsendringar må vera arbeidsutvalget i hende seinast 6 veker før landsmøtet.

c) Kontrollkomiteen tolkar vedtektene i landsmøteperioden. Landsstyret skal verte orientert om alle vedtektstolkningar. Vedtektstolkingar kan klagast inn for landsstyret.

§ 19 OPPLØYSING

Oppløysing av Ungdom mot EU må handsamast på to etterfølgjende landsmøte, der det andre er eit omframt landsmøte som berre skal handsame oppløysinga. Vedtaket krev 3/4 fleirtal på begge møta, og at dei er lovleg innkalla. Det omframme landsmøtet gjer vedtak om korleis eiga til organisasjonen skal nyttast, i tråd med organisasjonens føremål, dersom organisasjonen vert oppløyst.

Teksten er hentet fra originaldokumentet. Ved avvik gjelder originaldokumentet.