Gaute Eiterjord er leder i Natur og Ungdom og skriver som gjesteskribent om EU parlamentets vedtak natt til 14. juni vedrørende utfasing av bruk av palmeolje.
EU har bestemt at den miljøskadelege palmeolja skal ut av biodrivstoffet, men ikkje før om 12 år. Noreg må føre ein meir ambisiøs miljøpolitikk og få palmeolja ut av norsk biodrivstoff nå!
EU-parlamentet blei i natt ferdig med å forhandlingane om direktivet for fornybar energi, og har i den samanheng blitt einige om å fase ut palmeolje frå biodrivstoff innan 2030. Sidan Noreg er med i EØS-avtala og har tatt inn EUs drivstoffdirektiv, omfattar dette også drivstoffet som blir omsett i Noreg.
Det er veldig bra, og på høg tid, at EU anerkjenner at palmeolje ikkje er eigna som drivstoff, men det er absurd at EU-parlamentet vil at bilane skal køyre rundt med regnskog på tanken i heile 12 år til. Produksjonen av palmeolje er ein katastrofe for miljø og lokalbefolkning i Søraust-Asia.
Regnskogfondet her rekna på at 45 000 kvadratkilometer med regnskog og torvmyr, eit areal like stort som Danmark, kan kan bli øydelagt på grunn av biodrivstoffpolitikken globalt fram mot 2030. Det vil resultere i utslepp på 7 milliardar tonn CO2.
Det er enkelte bensinstasjonar, som Cirkle K og Uno-X/XY, som ikkje har palmeolje. Shell/St1 og Esso sel drivstoff med palmeolje. I 2017 var nesten halvparten av biodrivstoffet som blei seld i Noreg laga av palmeolje. Ifølge Regnskogfondet til at 220 kvadratkilometer regnskog blei øydelagt, det er halvparten av alt arealet i Oslo kommune.
Det har vore fleire føreslag om å få palmeolja ut av det norske biodrivstoffet. I 2017 blei det føreslått på Stortinget, men stemt ned. Noko av argumentasjonen frå fleirtalet som stemte det ned var at det kan vere i strid med EØS-avtala å utelukke eit drivstoff som ikkje er ekskludert av EUs drivstoffdirektiv.
Det er truleg for å unngå reaksjonar frå EU fordi ein hemmar fri flyt at regjeringa ikkje vil innføre særnorske reglar for palmeolje. Som i mange andre saker, som forbod mot unødvendig eingongsplast, så vil regjeringa gjerne vente på vedtak frå EU før ein gjer noko sjølv. Slik treng det ikkje vere.
For Natur og Ungdom er ein viktig grunn til å stå utanfor EU at me kan føre ein miljøpolitikk som går lenger. I denne saka må regjeringa ta grep og ikkje berre sitte stille og vente på EU mens norske bilar øydelegg regnskogen. Regjeringa kan til dømes innføre ei avgift på palmeolje som gjer at drivstoffprodusentane heller bruker andre råvarer som faktisk har klimanytte og ikkje øydelegg naturen.
Ungdom Mot EU gjestet Natur og Ungdom sitt landsmøte tidligere i år. Les mer om det her - Ungdom Mot EU på Natur og Ungdom sitt landsmøte.
Natur og Ungdom kan du møte på Ungdom Mot EUs Sommerfestival. Har du ikke meldt deg på enda kan du gjøre det her - Ungdom Mot EUs Sommerfestival.
Hjemmeside - Natur og Ungdom.